Blogs

Svartsurbær

Det eine fører til det andre. Nemnte Svarthyll til nokre venner og dei sa at dei brukar Svartsurbær (Aronia melanocarpa) og at den skulle ha nokon av dei same eigenskapane. Litt søk på internett og eg fant denne artikkelen og denne.

Svartsurbær kjem opprinneleg frå Nord-Amerika og er dyrka mest på grunn av bæra. Den inneheld mykje antioksidantar, vitamin A, E, og B2, P (bioflavonoider) og katalyserer opptak av vitamin C. Den inneheld mykje jern, molybden, bor, jod og kalsium. Den er også rik på pektin slik at du kan bruke den når du lagar syltetøy eller gele.

I folkemedisinen har den vore mykje brukt for forkjølelse (i form av te). I tillegg beskytter den mot frie radikaler som kan hjelpe mot hjertekarsykdommer, hjerneslag, øyensykdommer, diabetes og kreft. Kan brukes utvortes på sår (pga. den astringerende virkninga). Bæra har også immunstyrkande, blodtrykksregularende, kolesterolsenkande, astringerande og slimløysande eigenskaper.

Er det nokon som har oppskrifter på korleis ein kan tilberede bæra? Saft, pai, kaker, tørking, koking etc.... Send dei inn.

Svarthyll

Sambucus nigra 0003

Denne bloggen kjem til å fokusere på det Vakre rundt oss og kva vi treng å ta vare på.

Eg fant ein artikkel her om dagen som fortel litt om Elderberry (norsk: Hyllebær) og korleis dei kan hjelpe oss. http://www.naturalnews.com/025019_elderberry_flu_colds.html.  Det er viktig å vere klar over at eg her snakkar om svarthyll og at det er blomstrane og bæra som kan brukast. Resten av buska er giftig. For andre buskar/tre i denne familien må du sjekke om bæra er giftige og om gifta blir nøytralisert ved oppvarming/koking.

Eg finn det interessant at denne buska/treet kan hjelpe immunforsvaret til å motstå virus og bakteriar. Hyllebær inneheld mykje lektinar, vitamin A, B og C, flavinoider, fruktsyre og ser ut til å ha antivirus eigenskapar som er like effektive eller sterkare enn "vanleg medisin".

Blomstrane fremmer svetting og virker feberstillande. Blomstrane blir brukt til hyllblomstdrikk og kan etast (litt sure, bruk sukker el.). Bæra vart oftast brukt for forkjøling/influensa og kan brukast som saft og suppe. Det har også vist seg at bæra kan hjelpe mot mage og tarmproblem. Hugs at ein ikkje bør koke eller varmebehanlde Hyllebær frå svarthyll om ein vil ha full uttelling av dei. Lektinane i dei er hardføre protein og vert ikkje brotne ned i magen eller tarmen. Difor beheld dei eigenskapane sine og vil ha ein god innflytelse på tarmen.

Du finn bilete og meir informasjon om svarthyll her på Wikipedia og her. Wikipedia har ein lenger artikkel om Hyll på engelsk her.

 

Syndicate content