Sirkelen
(Denne delen er ikkje heilt ferdig, men eg treng litt tilbakemelding og kommentarar.)
Kjære lesar,
Dersom du og eg sat i ein sirkel av menneske på prærien, og eg så plasserte ei malt tromme eller ei ørnefjær i midten av sirkelen, ville kvar av oss sett på desse tinga forskjellig. Vår visjon av dei ville avhenge av vår posisjon i sirkelen, som alle ville vere unike.
Vår personlege oppfatning av desse objekta ville også avhenge av meir enn dei forskjellige posisjonane som vi ser på dei frå. For eksempel, ein eller fleire av oss kan vere fargeblind, eller ha problemer med å sjå. Kvar av desse to fysiske forskjellane ville påverke vår oppfatning av objekta.
Det er mange nivåar av oppfatning som vi må tenkje over når vi prøver å forstå vår individuelle oppfatning av ting, eller når vi prøver å sjå våre eigne oppfatningar i forhold til dei som våre brødre og søstre har. Kvar einaste ein av våre tidlegare opplevingar i livet vil påverke det mentale perspektivet som vi ser verda rundt oss gjennom.
På grunn av dette, kan eit bestemt objekt eller hending framstå som skremmande for deg mens det samtidig gir glede til meg, eller er totalt uinteressant for ein tredje person. Alle ting som vi kan oppfatte stimulerer vår individuelle forestillingsevne på forskjellige måtar, som igjen gjer at vi lagar våre eigne unike oversetjingar av dei. Kjærleik, hat, frykt, forvirring, glede, misunnelse og alle dei andre kjenslene som vi har, påverkar oss til å male våre oppfatningar av ting i forskjellige fargar.
Dersom tingen eg plasserte i sirkelen vår var eit abstrakt begrep, ein ide, ei kjensle, eller ein filosofi, ville vår oppfatning av tingen bli meir komplisert enn dersom tingen var ein fysisk gjenstand. Og vidare, antalet oppfatningar av tingen ville bli større og større dess fleire menneske som deltok i sirkelen vår. Oppfatninga av eit objekt, enten det er fysisk eller abstrakt, ville bli 1000 gongar meir komplisert når det er sett på i ein sirkel av eit heilt Folk. Forståinga av denne sanninga er den første forståinga av Medisinhjula, og er ein viktig del av Sol Dans Læringa.
Medisinhjulet
På mange måtar kan denne Sirkelen, Medisinhjulet, best bli forstått dersom du tenkjer på det som eit speil der alt er reflektert. “Universet er Folket's Speil,” fortalde dei gamle Lærarane oss, “og kvar person er eit Speil for alle andre personar.”
Einkvar tanke, person eller objekt kan vere eit Medisinhjul, eit Speil for ein person. Den minste blomsten kan vere eit slikt Speil, likesom ein ulv, ei historie, ei berøring, ein religion eller ein fjelltopp. For eksempel, ein person åleine på ein fjelltopp om natta kan kjenne frykt. Ein annan kan kjenne seg roleg og fredfull. Ein tredje kan kjenne seg åleine, og ein fjerde person kan kjenne ingenting i det heile tatt. I alle desse tilfella er fjelltoppen den same, men den blir oppfatta forskjellig ettersom den reflekterer kjenslene til dei forskjellige personane som opplever å vere der. Denne boka, Sju Piler, er eit slikt Speil. Den er eit Medisinhjul, akkurat som du er.
Her er ei teikning av eit enkelt Medisinhjul. Blant Folket, ville Lærarane vanlegvis bygd det ved hjelp av små steinar som dei plasserte på denne måten framfor seg på bakken.
Kvar av desse små steinane i Medisinhjulet representerer ein av dei mange tinga i Universet. Ein av steinane representerer deg, ein annan meg. Andre representerer våre mødre, fedre, søstre, brødre og våre vennar. Andre symboliserar haukar, buffalo, elg og ulv. Der er også steinar som representerer religionar, styresett, filosofiar, og sågar nasjonar. Alle ting finnes i Medisinhjulet, og alt er likeverdig i det. Medisinhjulet er Alt i Universet.
Våre Lærarar fortel oss at alle ting i Univershjulet veit om deira Harmoni med alle dei andre tinga, og veit korleis dei Gir-Vekk til kvarandre, bortsett frå mennesket. Av alle skapningane i Universet, er vi dei einaste som ikkje startar livet vårt med kunnskap om denne store Harmonien.
Alle tinga i Univershjulet har ånd og liv, inkludert elvar, steinar, jorda, himmelen, plantar og dyr. Men det er berre mennesket, av alle vesen på Hjulet, som er ein besluttar. Vår besluttande ånd kan berre bli heil gjennom å lære om vår harmoni med alle våre brødre og søstre, og med alle dei andre åndene i Universet. For å klare dette må vi lære å søke og oppfatte. Vi må gjere dette for å finne vår plass i Medisinhjulet. For å komme til denne plassen må vi lære å Gje-Vekk.
Vision Quest (norsk: Visjonssøken), eller oppfatningssøken, er vegen vi må gå for å begynne på dette søket. Vi må alle følgje vår Visjonssøken for å finne oss sjølve, for å lære korleis vi oppfattar oss sjølve, og finne vårt forhold til verda rundt oss.
Kreftene
Den første Læringa blant Folket er om dei Fire Store Kreftene til Medisinhjulet.
I Nord på Medisinhjulet finn du Visdom. Fargen til Visdom i Nord er Kvit, og Medisindyret er Buffalo. Sør er representert med Teiknet for ei Mus, og Medisinfargen er Grønn. Sør er plassen for Uskyld og Tillit, og for å sjå grundig på vårt hjertes karakter. I vest er Teiknet for ein Bjørn. Vest er Sjå-Innad plassen, som fortel om den Introspektive karakteren til menneska. Fargen til denne plassen er Svart. Øst er markert med Teiknet for ei Ørn. Det er plassen for Illuminasjon, der vi kan sjå ting klart fjernt og vidt. Fargen er Morgenstjernens Gull.
Ved fødselen er kvar og ein av oss gitt ein spesiell Startplass innan desse Fire Store Retningane på Medisinhjulet. Denne Startplassen gir oss vår første måte å oppfatte ting på, som så vil bli vår enklaste og mest naturlege måte gjennom livet.
Men alle personar som berre oppfattar frå ein av desse Fire Store Retningane vil forbli ein ufullstendig person. Som eit eksempel, ein person som berre har Gåva frå Nord vil vere vis. Men han/ho vil vere ein kald mann/kvinne, ein person utan kjensler. Og ein person som berre lever i øst vil ha det klare, vide synet til ei ørn, men han/ho vil aldri vere nær noko. Denne personen vil kjenne seg separert, høgt heva over livet, og vil aldri forstå eller tru at han/ho kan bli rørt av noko som helst.
Ein mann eller kvinne som berre oppfattar frå Vest vil gå over den samme tanken igjen og igjen i tankane sine, og vil aldri ta ei avgjersle. Og dersom ein person berre har Gåva frå Sør, vil ho/han sjå alt med auga til ei Mus. Ho/han vil vere for nær til bakken og for nærsynt til å sjå noko som helst, unnateke kva som er rett framfor ho/han, og det som rører ved værhåra hennar/hans.
Det er mange menneske som har to eller tre av desse Gåvene, men desse menneska er framleis ikkje Heile. Ein person kan vere ein Bjørn person frå Øst, eller ein Ørn person frå Sør. Den første av dei vil ha Gåva til å Sjå-Innad med Illuminasjon, men han/ho vil mangle Gåvene å Røre og Visdom. Den andre vil vere i stand til å sjå klart og langt, som ørna, i Tillit og Uskyld. Men ho/han vil framleis ikkje kjenne til tinga frå Nord, og heller ikkje frå Sjå-Innad plassen.
På same måten kan ein person også vere ein Gyllen Bjørn frå Nord, eller ei Svart Ørn frå Sør, Men ingen av desse personane vil vere Heile. Etter at kvar og ein av oss har lært om vår Start Gåve, vår Første Plass på Medisinhjulet, må vi deretter Gro ved å Søke Forståelse for kvar av dei Fire Store Vegane. Berre på denne måten kan vi bli Heile, i stand til å ha Balanse og Beslutning i det vi gjer. Sju Piler fortel om denne Veksten og Søkenen.
Å Røre
Å Røre og Kjenne er å Erfare. Mange menneske lever eit heilt liv utan å verkeleg Røre eller bli Rørt av noko som helst. Desse personane lever i ein verden av tankar og forestillingar som av og til kan bevege dei til glede, tårer, lykke eller sorg. Men desse personane vil aldri verkeleg Røre. Dei lever ikkje og blir ikkje eitt med livet.
Soldanseren trur at kvar person er eit unikt Levande Medisinhjul, sterkare enn nokon kan forestille seg, som har blitt avgrensa og plassert på denne planeten for å Røre, Erfare og Lære. Dei Seks Bestefedrene Lærte meg at kvar mann, kvinne, og barn på eit tidspunkt var ei Levande Kraft som eksisterte ein eller annan plass i tid og rom. Desse Kreftene var utan form, men dei var bevisst. Dei var i live.
Kvar Kraft innehar uendelege mengder av energi og skjønnhet. Desse levande Medisinhjula var i stand til nesten kva som helst. Dei var vakre og perfekte på alle måtar unntatt ein. Dei hadde ikkje nokon forståing av grenser, ingen erfaring med materie. Desse bevistheitene var total energi av Sinn (eng.: Mind), utan Kropp eller Hjerte. Dei var plassert på denne planeten slik at dei kunne Lære om Hjertet gjennom å Berøre.
Ifølgje Lærarane, er det berre ein ting alle personar har likt. Det er einsemd (ensomhet). Ingen personar på denne planeten er like i noko som helst unnateke deira einsemd. Dette er grunnen for vår Vekst, men det er også grunnen for krigane våre. Kjærleik, hat, grådighet og generøsitet kjem alle frå vår einsemd, gjennom vårt behov for å vere ønsket eller elsket.
Den einaste måten for oss å overvinne vår einsemd på, er gjennom å Røre. Det er berre på denne måten at vi kan lære å bli Heile Vesener. Gud/Gudinne er ein tilstedeværelse av denne Totalen. Heamavihio, Pusten av Visdom, og Miaheyyun, Total Forståelse, er to av orda i Cheyenne språket som utrykkjer denne Heilskapen.
Medisindyr *
Dette bringer oss til Medisindyra. Kvar av oss har sitt personlege Medisindyr, eit spesielt dyr som gjenspeiler seg i oss. Karakteristikkane av denne gjenspeilinga er bestemt av naturen til dyret, men også av plasseringa av vår individuelle Startplass på Medisinhjulet. Desse to tinga, vårt Medisindyr og vår Startplass på Medisinhjulet, er tilsaman Start Gåva til kvar av oss frå Miaheyyun.
Som eit eksempel, der er Ørn Folk, Elg Folk, Bjørn Folk, Ulv Folk, Fasan Folk, Oter Folk, Buffalo Folk, Mus Folk, Stein Folk, Sky Folk og så mange andre typar av Folk som der er typar av levande vesener på denne planeten. Og i kvar av alle desse typane av Folk, er forskjellane til dei Fire Store Retningane. Derfor kan ein Elg Person vere født som ein Kvit Elg frå Nord, ein Grønn Elg frå Sør, ein Svart Elg frå Vest eller ein Gyllen Elg frå Øst, avhengig av Retninga av deira Start Gåve.
Det vil vere umogleg for meg å fortelje deg om alle dei forskjellige Medisindyra, men eg vil fortelje deg om eit av dei, Musa. Mus lever heile livet nær bakken, bygger reira sine og samlar mat mellom røtene til det høge graset og buskene på prærien. På grunn av dette ser Mus aldri ting på lang avstand. Alt dei kan sjå er rett framfor dei, der dei kan snuse på det med nasa og Røre det med værhåra. Livet deira går med til å Røre ting på denne måten, og samle frø og bær som dei et.
Men sidan det er personar vi snakkar om her, må Medisindyra forstås gjennom korleis menneska er. Ein Mus Person vil vere ein som ser alt som er nært, og synsvidda deira vil vere avgrensa til det som er i deira umiddelbare nærleik. Ho/han vil vere ein samlar av ting. Ho/han kan samle fakta, informasjon, fysiske objekt, eller til og med idear. Men fordi ho/han ikkje kan sjå langt nok til å koble verda hennar/hans saman med verda på den store prærien rundt, vil ho/han aldri vere i stand til å bruke eller forstå alt det ho/han såg og samla gjennom livet.
Dersom ein Mus Person var født i Nord, ville personens Start Gåve vere Sinnets Gåve. Namnet kunne vere Kvite Mus. Ho/han ville vere ein vis Mus Person, men ho/han ville framleis ikkje vere Heil. For å bli Heil, måtte ho/han først søke Sør, plassen for Hjertet, og inngå eit Giftarmål mellom denne Gåva og hennar/hans Start Gåve. Deretter måtte ho/han besøke og ha omgang med tinga i Aust, Illuminasjon, og reise til Sjå-Innad plassen i Vest. Ho/han ville vere i stand til å Vekse og bli ein Heil Person om ho/han gjer alle desse tinga, som vil gje ho/han forståing av hennar/hans eigen Natur.
På denne måten ville personen bli i stand til å ta beslutningar gjennom å Balansere dei Fire Retningane. Ein person med Start Gåva Sinn må alltid prøve å inkludere Hjartet sitt i avgjerslene sine. Når personen gjer det, begynner han/ho å snu på Medisinhjulet sitt. Ein person kan leve heile livet sitt utan nokon gong å finne meir enn det som alt var gitt han/ho som hans/hennar Start Gåve, men dersom han/ho ønskjer å Vekse må han/ho bli ein Søkar og Søke dei andre Vegane sjølv.
Når du har gjort dette, og når du har nådd ein full Forståelse av dei forskjellige Medisindyra til menneska, vil du aldri kjenne deg overraska eller skremt av handlingane eller avgjerslene til Brødrene og Søstrene dine. Denne Forståinga er halden gjennom meininga av Skjolda som Folket bar, som var Speil av deira Medisindyr.
Skjolda
For å forstå Soldansen, må vi først få en forståelse av Skjold. Min Far, hvis navn var Hyemeyohsts og som ga sitt navn til meg, var ein Skjoldmakar og Læraren min. Hyemeyohsts lærte meg bygging av mange personlege Skjold. Han lærte meg bygging, Maling og Medisinvegane til dei andre Skjolda: Mennenes Skjold, Kvinnenes Skjold, Unganes Skjold, Fredsskjold, og dei Heilage Skjolda. Dette var Hyemeyohst's Gåve til meg, slik det var hans gåve fra hans Fedre og fra Medisinkrafta, Den Store Ånd. Det er Miaheyyuns gåve til oss alle, slik at vi kan lære, og verte Soldansarar saman.
Det var opprinnelig tolv Heilage Skjold. På tidspunktet for den årlige Fornyinga vart desse tolv Heilage Skjolda brakt saman, og plassert inne i dei tolv delte pålane som danna den ytre sirkelen av Soldans Lodge, Folkets Lodge. Men desse Heilage Skjolda var aldri saman unntatt på Fornyelsestida. Dei vart aldri beholdt av nokon Stamme, men vart overlevert frå eit Folk til eit anna.
Dersom ein mann eller kvinne i deira livstid strevde etter høg ære, kunne dei søke å verte Voktar av eitt av desse Heilage Skjolda. På eitkvart tidspunkt kunne det berre vere Tolv av disse Voktarane av Skjolda av Lyset. Desse folka var dei mest mektige og respekterte blant Folket. Dei var Helbredere, Spåmenn og Spåkvinner, og Lærarar. Det var dei som bar dei Heilage Skjolda frå leir til leir og frå Stamme til Stamme. Eg spurde ein gong min Far, Hyemeyohsts, om desse Skjolda. Han svarte, "På Jorda er det Tolv Store Stammar. To av desse Folka er det Indianske Folket. Dei Andre Ti er dei Andre Folka på Jorda. Desse Tolv Folka er dei Heilage Skjolda".
Leiaranes Skjold er knytta til dei Heilage Skjolda, ved at kvar av dei fortel ein del av Historien om dei Heilage Skjolda. Det er Førtifire av desse Leiarskjolda. Fordi Leiarane var Fredsleiarar, og fordi deira Skjold vart brukt for å Lære om dei Heilage Skjolda og Soldansvegen, var deira Skjold også kjende som Freds- eller Læringsskjold.
Blant Folket eigde kvar person eitt Skjold av ein eller annan type. Ein av dei viktigaste tinga om disse Skjolda er at dei aldri var meint å gi fysisk beskyttelse i eit slag. Dei vart ikkje laga for å avverge piler eller kuler, eller for folk å gøyme seg bak. Vanlegvis var dei altfor tynne og skjøre til dette. Av og til vart dei laga av dei tøffe skinna av bjørn eller buffalo oksar, men som oftast vart dei berre dekka med dei mjuke skinna av hjort, antilope, coyote, oter, røyskatt, eller til og med mus. Dei vart då dekorert med ørnefjær, sederposar, duskar av dyrepels, og mange andre ting. Dei vart også malt med forskjellige symbolske figurar.
Når det gjeld dei Personlige Skjolda, representerte alle desse forskjellige tinga den enkelte Medisinen og Klanteiknet til personane som bar dei. Disse Teikna fortalde kven mannen/kvinna var, kva han søkte å være, og kva han/ho likte, frykta og drøymde om. Nesten alt om personen var skrevet der, reflektert i Speilet av Skjoldet til personen.
Dei Personlege Skjolda til Menn vart først konstruert og gitt til dei etter deira Visjonssøken. (Kvinner hadde også ein Visjonssøken.) Når dei kom tilbake frå Søkenen ville dei fortelje fire valde Åndelege Fedre om deira erfaringar. Av og til kunne disse erfaringane faktisk ha inkludert sanne visjonar, men som oftast ville Søkaren ganske enkelt ha hatt normale erfaringar og tankar. Hans Fedre ville da oversetje desse erfaringane, uansett kva dei kunne ha vore, i vendingar som reflekterte Søkarens karakter og Medisindyr. Dei ville då gje Søkaren eit Namn som symbolsk representerte disse tinga, og ville konstruere eit Skjold som visuelt reflekterte dei same symbolske betydningane.
Desse Skjolda vart bårne av mennene blant Folket slik at dei som dei møtte kunne vite kven dei var. Til og med når dei kvilte i hyttene sine, vart alltid Skjolda stilt opp ute slik at alle kunne sjå dei. Det kunne hende at dei vart hengt opp ved hyttedøra, eller oppe ved røykholet, eller på ein tripod nær hytta, tilpassa kvar persons Medisinmåte. Men dei var alltid ute, der Folket kunne sjå og lære frå dei.
Kvinnene bar også Medisinteikn for å bli sett, vanlegvis som symbolske design som var vevd inn med pinnsvin nåler eller perler på kjolane eller belta deira. Kvinnenes Belte var vanlegvis det viktigaste av Skjolda hennar. Mange ganger var det hennar einaste Skjold, sidan ikkje alle Folka hadde både Kjole- og Belteskjold. Desse Belta var fullstendig symbolske i design. Vanlegvis hadde belta symbolar for Søsterskapa (Brotherhoods i den originale teksten) kvinnene levde i, slik som Reveunge, Raslande Hov, Forskjellig Hund (Crazy var eit hedersnamn og betydde at ein person gjorde ting på ein annan måte), Prærieulv, eller Malte Spyd Foreninga. I tillegg til desse Symbola hadde Belta også Teikna til kvinnas Spirituelle Familie, familien ho var født inn i, og teikna til hennar personlege Medisindyr, eller Namn.
Kvinnas Spirituelle Klan familie, vart kalla hennar Klanfedre, Klanmødre, Klan-onklar og Klanbrødre og Klansøstre. Det var til desse folka ho hadde dei næraste banda og ansvarsforholda. Hennar KlanFar, KlanMor og Klan-onkel gav dette ansvaret vidare til deira Spirituelle Barn. På bakgrunn av dette vart giftarmål mellom forskjellige Folk ein grunn til at tradisjonen med Skjolda vart spredt vidt omkring. Skjoldsamanslutninga (Brotherhood of the Shields) vaks og vart veldig sterk blant Folket. Det var ei tid med Fred og Spirituell Fornying. Det var tida for Medisinhjulet, Soldansen.
Namn
Du har lært at Namn alltid hadde ei symbolsk betydning blant Folket, og var ein Refleksjon av Folkets individuelle Medisindyr. I Sju Piler vil du møte mange forskjellige Folk. Namnet deira vil fortelje deg mykje om dei. Dei vil fortelje deg om deira Medisindyr og om deira måte å Oppfatte på.
Ein av desse Refleksjonane du vil møte er Dagkvinna. Oversatt i Folkets språk, betyr Dagkvinne Kvinne av Sola eller Sanning. Dette namnet er også Teiknet for Soldansen, eller Søken etter Harmoni.
Du vil også møte ein person kalla Hauk. Hauken er ein Liten Bror av Ørna. Denne personens Medisinteikn betyr at han vart født med Gåva til å Sjå både langt og nært. Sjølvsagt ville dette bli oversatt symbolsk og ikkje bokstaveleg. Haukens Gåve var evna til å oppfatte klart og vidt tinga i Sinnet, Hjartet og Vegen til Folket, Soldansvegen. Rød Hauk var denne mannens Farge. Rød symboliserer Eld. Eld representerer den Levande Ånda til Folket, og det fortel også at Hauk Oppfattar med Illuminasjon i det Gylne Aust. I Historien om Sju Piler er også Namnet til Nattbjørn og hans Måte å Oppfatte på forklart. Etter som du lærer om desse tinga, kan det hende at du også finn ditt Namn.
Historiane
Der er mange gamle Historiar som er fortalt i Sju Piler. Desse historiane vart brukt blant Folket til å Undervise meininga med Soldansvegen. Dei var ein Veg til Forståing mellom Folket, og også mellom forskjellige Folk. Fordi Folket ikkje hadde eit skreve språk, vart desse Historiane lært utanat og gitt vidare gjennom uendelege generasjonar.
Historiane er om både dyr og menneske. Du vil finne Historiar om Mus, Ulvar, Vaskebjørn, Oter og Buffalo. Desse Historiane er nesten fullstendig allegoriske (billedlege) i si form, og alt i dei må lesast symbolsk. Kvar historie kan bli symbolsk forklart eller opna for deg gjennom ditt eige Medisindyr, Refleksjonar og Søking. Etter kvart som du gjer dette vil du lære å Sjå gjennom auga til Brødrene og Søstrene dine, og dele deira Oppfatningar.
Å Stille Spørsmål er ein av dei viktigaste vegane til å forstå desse Historiane, som vil lære deg om Soldansvegen. Når du stiller spørsmål vil Medisinhjulet snu seg for deg. Desse Historiane er magiske Lærarar på denne måten. Dei er Blomster av Sanning der kronblada kan bli opna av Søkaren i det uendelege.
Desse Historiane er meint å bli fortalt, ikkje skrevne. På denne måten kunne Lærarane, enten dei snakka gjennom munnen eller brukte teiknspråk, legge trykk på spesielle ord slik at dei reflekterte deira symbolske innhald. For eksempel har ordet "år" mange forskjellige meiningar. Det reflekterer begrepet av ein syklus, som er symbolsk representert med ein sirkel, som igjen symboliserer Medisinhjulet og Universet. På same måten kan ordet "veg" ganske enkelt bety ein veg eller retning, men det kan også bety ein livsfilosofi, ein religion eller ein måte å Oppfatte på.
I Sju Piler og spesielt i dei gamle Historiane, er orda som Forteljaren ville ha gitt trykk på utheva. Desse orda er symbolske Lærarar, og det er veldig viktig at du nærmar deg dei symbolsk heller enn bokstaveleg. Desse utheva orda kan nokon gongar verke sjølvmotsigande, men ikkje bli forvirra av det. Prærieulven er kjent blant Folket for å vere ein varsom "trickster" (på norsk vil skøyer eller luring vere det nærmaste), og hans Veg er ein del av Soldansundervisninga.
Eg vil at de, Søstre og Brødre, skal vite at eg også framleis lærer om Vegen til Folket. Forståinga av denne Vegen er ikkje funnen gjennom å lære utanat Historiar og Symbol. Det er ein Levande, Veksande Ting som kjem ved å Røre og Erfare i kvar av dei Fire Store Retningane.
Soldansvegen i seg sjølv er ein Levande Ting. Det er alltid Vekst og Dreining i Folket. Det er ikkje noko som kan lærast gjennom å studere gamle ritual og tradisjonar, men gjennom å Søke Forståing og deretter la det Gro i ditt eige Hjarte og Sinn. I Sju Piler er det mange gamle Historiar som vart fortalt til meg av mine Foreldre og Besteforeldre. Men der er også nye Historiar som eg har skreve frå min eigen Forståing og Erfaring. Dei er der som Undervisning som du kan lære av, og som du kan Bygge på på din eigen Måte. Denne Dreininga og Veksten er kalla Bygginga av Tordenbogen.
Sju Piler i seg sjølv, frå start til slutt, er ei Undervisningshistorie. Det er ei Historie om Soldansvegen, bygd på same måten som eg vart lært opp av min Far til å fortelje Historiar. Det er eit komplett Medisinhjul i seg sjølv. Les boka med ein venn, kone eller ei/ein du elskar, eller best av alt, med barn. Du er også eit Medisinhjul og magien til din Oppfatning vil bli utvikla.
Hyemeyohsts