Svarthyll
Denne bloggen kjem til å fokusere på det Vakre rundt oss og kva vi treng å ta vare på.
Eg fant ein artikkel her om dagen som fortel litt om Elderberry (norsk: Hyllebær) og korleis dei kan hjelpe oss. http://www.naturalnews.com/025019_elderberry_flu_colds.html. Det er viktig å vere klar over at eg her snakkar om svarthyll og at det er blomstrane og bæra som kan brukast. Resten av buska er giftig. For andre buskar/tre i denne familien må du sjekke om bæra er giftige og om gifta blir nøytralisert ved oppvarming/koking.
Eg finn det interessant at denne buska/treet kan hjelpe immunforsvaret til å motstå virus og bakteriar. Hyllebær inneheld mykje lektinar, vitamin A, B og C, flavinoider, fruktsyre og ser ut til å ha antivirus eigenskapar som er like effektive eller sterkare enn "vanleg medisin".
Blomstrane fremmer svetting og virker feberstillande. Blomstrane blir brukt til hyllblomstdrikk og kan etast (litt sure, bruk sukker el.). Bæra vart oftast brukt for forkjøling/influensa og kan brukast som saft og suppe. Det har også vist seg at bæra kan hjelpe mot mage og tarmproblem. Hugs at ein ikkje bør koke eller varmebehanlde Hyllebær frå svarthyll om ein vil ha full uttelling av dei. Lektinane i dei er hardføre protein og vert ikkje brotne ned i magen eller tarmen. Difor beheld dei eigenskapane sine og vil ha ein god innflytelse på tarmen.
Du finn bilete og meir informasjon om svarthyll her på Wikipedia og her. Wikipedia har ein lenger artikkel om Hyll på engelsk her.
- Hagevekstane våre
- Login or register to post comments