Kjære lesar, venner og kjende,
Over mange år har eg lest, studert, arbeidt og søkt å finne vegar til å forstå meg Sjølv og Livet gjennom filosofien til Medisinhjula. Når eg første gongen leste bøkene til Storm, og kjende Visdomen og Kunnskapen som han delte, kjende eg at det var rett for meg. Det har vore veldig gjevande for meg og eg har alltid hatt lyst til å dele dette med andre.
Dette er ein start på ei oversetjing av "Seven Arrows" skrive av Hyemeyohsts Storm, som gav meg tillatelse til å starte med arbeidet.
De er hjarteleg velkomne til å komme med kommentarar om de ser noko som treng forbetring. Oversetjinga er delt opp i bolkar som de ser nedanfor.
Denne delen av introduksjonen til Ligtningbolt (Lynstråle), side xx er også viktig å ha i bakhovudet når du les Sju Piler: Hyemeyohsts: "Mens eg skreiv Sju Piler, strevde eg med den akademiske typen av engelske som eg hadde blitt pressa til å lære. Eg er framleis forundra over kor mykje eg hadde blitt indoktrinert frå språket i min skulegang. "Mankind" og "men's thoughts" var uttrykk eg brukte mens eg skreiv Sju Piler i staden for å velje "humanity" or "humans" og "people's thoughts." Eg tenkjer at det er veldig viktig for oss alle å verte oppmerksomme på korleis språket har blitt gjort maskulint."
Eg ønskjer dykk god lesing og studering,
Finn