Velkomen til JordSirkel

Når eg var tenåring starta eg å søkje etter ei djupare meining og mål med livet mitt. Kven er eg? Kvifor er eg her på Jorda? Kva er meininga med å leve på denne planeten som fyk gjennom verdensrommet med ein fart av rundt 26km/sekund?

Det er mange menneske eg har møtt som har delt med meg deira livsvisdom og kunnskap. Dei som har hatt størst innflytelse på meg er Imre og Hyemeyhosts Storm (Wolf). Imre ved å gje meg ein økt sensitivitet for alt rundt meg, og Wolf ved å få meg til å starte å stille spørsmål ved kven eg er og gje meg verktøy som eg kan bruke til å utforske meg Sjølv.

Eg møtte Wolf,  og hans partnar i livet, Swan, i England i 1998 då dei heldt eit seminar der om Medisinhjula. Før eg reiste hadde eg lest bøkene som Wolf hadde skrive og eg hadde sett for meg å møte ein mann som var fullstendig forskjellig frå alle andre. På overflata var han forholdsvis ordinær. Høg, stor mage og velkledd. Det var når han snakka at vi som deltok skjønte at dette ikkje var ein ordinær person.

Eg huskar spesielt ein ting som vart sagt: "Test alt som vi seier til dykk. Ikkje berre godta det. Dette er ikkje ein religion, men ein filosofi. Ein Måte å leve på og etter." Det var eitt av dei viktigaste budskapa eg har fått nokonsinne. Flesteparten av dei andre lærarane som eg har møtt (ikkje Imre) ville at eg skulle godta det dei sa utan vidare. Swan og Wolf lovte meg ikkje svar på alle mine spørsmål, men dei sa rett ut at alt som vart sagt kunne bli stilt spørsmål ved.

Sidan har eg fortsatt å arbeide med meg Sjølv og personleg utvikling med dei verktøya som Wolf og Swan presenterte for meg på dei seminara. Dei siste åra har det blitt meir og meir klart for meg at eg vil arbeide med å bringe denne kunnskapen til Noreg for dei som er interessert i å lære om seg Sjølve.

Denne websida, Jord Sirkel, vart laga som ein plass, eit notidas skip som kan bære oss på ei reise for å finne ut kven vi er mens vi lærer og utforskar dei gamle lærdomane i MedisinHjula frå Nord-Amerika og visdomen i vårt heimland, Nord-Europa.

Jord Sirkel som namn på web sida vart valgt av fleire grunnar. Jorda som namn vart valgt fordi vi lever på denne planeten.  Ein inspirasjon kjem frå opningsorda i Heimskringla: Kringla Heimsins, som betyr den runde jordskiva, jordas omkrets. Vi er alle her på denne planeten i log for å lære og vekse.

"Følg ein sti, uansett kor smal og krokete, som du kan gå med kjærleik og ære."
Henry David Thoreau

Med Takknemlegheit,
Finn Alden

"Du må leve i nået, kaste deg sjølv på kvar ei bølge, finn din uendelighet i kvar augneblink." (Opprinneleg tekst: "You must live in the present, launch yourself on every wave, find your eternity in each moment.")
Henry David Thoreau

Norsk nynorsk