"Navigere Innad i ditt Sjølv" seminar 19-20 mars 2011
"Navigere Innad i ditt Sjølv" seminar 19-20 mars 2011
Vi bestemte oss for å flytte seminaret vårt til 19-20 mars, Vårjamndøgn i staden for denne hausten og håpar at vi vil nå nok folk som er interessert i å dele denne helgas læring med oss.
Å vere i Livet og lære om sitt Sjølv er ei Reise som kan endre vårt perspektiv på korleis vi ser på alt som er rundt oss. Som vaksne har vi lært og teke til oss livssyn (og sosiale lovar) og vanar som vi tek på oss automatisk som om dei er vanlege daglegdagse kle. Men dei same livssyna kan fungere som ei erstatning for å vere fullt ut her når du får nye moglegheiter eller dei fungerer som skjold slik at vi ikkje ser oss Sjølve og draumane våre for Livsreisa vår. Å ta desse trussystema og vanane frå einannan er ein ferdighet som kan endre livet vårt, styrke oss innvendig og hjelpe på energinivået.
Frå "Song of Heyoekah" skrevet av Hyemeyohsts Storm:
Crazy Dog tok handa ned i medisinveska si og grov ut eit kvinnekorsett laga av kvalbein.
"Eg har spart på denne underlege tingen for deg.," smilte Crazy Dog . " Eg ønksjer at du skal ha det." Han kasta korsettet over i fanget til Dancing Tree. "Denne vart brukt av ei kvinne, ei kvinne frå den verda som du vaks opp i. Den tingen vart brukt til å gjere magen til kvinna flat. Kvinna som hadde den på trudde fullt og fast at den gjorde henne vakker. Ingen tvang henne til å bruke den tingen. Eller i det minste, ingen person gjorde det. Det var hennar eiga lov om uvitenhet som tvang henne til å bære det.
Du, min son, bærer liknande innretningar som stoggar deg..”
Møt vår Jord Undervisning (Meeting our Earth Teachings)
Vi ønskjer dykk velkomne til å lytte til "Meeting Our Earth" med Hyemeyohsts og Swan Storm. Desse lydfilene var opprinneleg tilgjengelege som eit sett av kassettar som vart teke opp på 1990-talet, og vart nyleg digitalisert og publisert på nytt. Vi har inkludert nokre få minuttar av kvar undervisningsseksjon slik at du kan lytte og gjere deg opp ei meining før du bestiller nedlasting av filene. (Der er 4 undervisningsseksjonar totalt. Du kan også laste ned heile settet.)
Hyemeyohsts Storm er forfattaren av bøkene Seven Arrows, Lightningbolt og Song of Heyoehkah. Han er av indiansk og tysk avstamning og vaks up på eit reservat i Montana. Hyemeyohsts vart født på eit reservat i 1930-åra i eit tidsrom med sterk trangsynthet/intoleranse mot alle folk som hadde farge og indianarar som hadde fordommar mot kvite amerikanarar. Født inn i ein Indiansk kultur som var konfrontert med trusselen om å miste den rike kulturelle arven som hadde blitt beskytta av dei gjenværande Medisin Lærarane (kvinner og menn) etter indianarkrigane på slutten av 1800-talet. Du vil høyre undervisning i Medisinhjula og historiar om korleis Hyemeyohsts lærte om Sjølv Disiplin frå lærarane hans.
Personleg likar eg best å lytte til lydfilene etter einannan på den måten som dei vart tekne opp originalt.
Du kan laste ned filene her https://www.jordsirkel.com/nn/content/meeting-our-earth-alle-mp3-format.
Vi ønskjer deg ein Vinter full av glede og Sjølv oppdagelse. Vennligst kom tilbake til denne web sida ofte ettersom vi vil forandre og oppdatere ganske ofte. Dersom du ønskjer å finne ut meir om kven vi er og kva vi planlegg å undervise i eller berre ønskjer å kontakte oss, kan du kontakte oss ved å bruke kontaktskjemaet som er her. Nyt Hausten og Vinteren og vi ser fram til å sjå deg når vi ønskjer Våren velkomen i Noreg.
