Svarthyll

Sambucus nigra 0003

Denne bloggen kjem til å fokusere på det Vakre rundt oss og kva vi treng å ta vare på.

Eg fant ein artikkel her om dagen som fortel litt om Elderberry (norsk: Hyllebær) og korleis dei kan hjelpe oss. http://www.naturalnews.com/025019_elderberry_flu_colds.html.  Det er viktig å vere klar over at denne blogposten omtalar svarthyll og at det er blomstrane og bæra som kan brukast. Resten av buska er giftig. For andre buskar/tre i denne familien må du sjekke om bæra er giftige og om gifta blir nøytralisert ved oppvarming/koking.

Eg finn det interessant at denne buska/treet kan hjelpe immunforsvaret til å motstå virus og bakteriar. Hyllebær inneheld mykje lektinar, vitamin A, B og C, flavinoider, fruktsyre og ser ut til å ha antivirus eigenskapar som er like effektive eller sterkare enn "vanleg medisin".

Blomstrane fremmer svetting og virker feberstillande. Blomstrane blir brukt til hyllblomstdrikk og kan etast (litt sure, bruk sukker el.). Bæra vart oftast brukt for forkjøling/influensa og kan brukast som saft og suppe. Det har også vist seg at bæra kan hjelpe mot mage og tarmproblem om ein ikkje varmebehandlar bæra. Lektinane i dei er hardføre protein og vert ikkje brotne ned i magen eller tarmen. Difor beheld dei eigenskapane sine og vil ha ein god innflytelse på tarmen. Men hugs at ein generelt anbefalar å koke dei. Det er mogleg at frøa i svarthyll kan vere litt giftige om ein ikkje varmebehandlar dei.

Litt historie

Generelt trur ein at namnet Elderberry kjem av at dei hjalp eldre menneske til å vere friske. Og det har ein sterk effekt i så måte. Men rota for ordet elder er det Anglo-Saxon ordet aeld som betyr eld/ild. I Anglo-Saxon tida finn vi eit tre som er kalla Eldrun, så blir det omforma til Hyldor og Hyllantree i det fjerde århundret. I Noreg er det kjent som Hyll og i Danmark som Hyld.

I Norsk og Teutonic myter er Hyll heilag og knytta til gudinna Hulda (som seinare vert kjent som Frøya). Hulda betyr også "Heilag Ande". Dette er interessant for meg fordi her i Noreg er eit av vesena i folkelitteraturen hulder. Eg reknar med at kyrkja ikkje var så veldig glad for å høyre at Skandinavane og Tyskarane kjende til den Heilage Ande OG at det var i kvinneskikkelse.

Mange gardbrukarar ville heller arbeide rundt buska/treet enn å kutte det ned. Der er mange historiar om Eld Mora (Hylde-Moer) eller Eld Dronninga (Hylde-Vinde). Barnesenger og andre barnemøblar vart aldri laga av Hyll fordi det kunne vere farleg for barnet når Eld Mora kom for å kreve tilbake hennar Heilage Ved.

I Noreg vart det sagt at gudinna Frøya heldt til i Hyllen og at dersom du fjerna Hyllen utan å plante ein ny, kunne det skje ei ulukke om kort tid.

Informasjon om Hyll

Der er 21 plantar i Sambucus familien, men Sambucus Nigra er vanlegvis den som er referert til når ein snakkar om Elderberry for medisinsk bruk. I Skandinavia er også dei røde bæra brukt til saft etter å ha kokt dei. Det vil øydeleggje gifta i dei raude bæra.

Hyll veks fort og kan takle å bli planta der det er mykje skugge, kulde og salt.

Berre bruk blomster og bær. Resten av buska/treet er giftig. Dei fleste plassar eg har lest om Hyll anbefaler å tørke eller varme opp blomstrane og bæra slik at du ikkje blir sjuk, kastar opp eller får diare.

Hyll har konsentrerte mengdar av:

  • Vitam C, A og B
  • Flavonider
  • Fruktsyre
  • Anthocyanic pigment
  • Det har mest sannsynleg antivirus eigenskapar basert på studier som har blitt gjort.

Bruk av Hyll:

  • Enkel rensing
  • Antioksidant
  • Diuretic
  • Motverkar betennelse
  • Motverkar catarrhal
  • Mild laxative
  • Bronkitt
  • Katarr
  • Hoste
  • Sår hals
  • Feber (I Skandinavia brukte dei te frå blomstrane til å senke feberen og få personen til å svette)
  • Influensa
  • Neuralgia
  • Reumatisme
  • Sciatica
  • Hudproblem
  • Kronisk trøttheit/ME
  • Og til og med allergi mot gras

Mage og tarm problem (Norsk studie med bær som ikkje vart oppvarma)

Nokre moderne studiar viser også at det kanskje kan hjelpe menneske med HIV, herpes og Epstein-Barr virus.

Blomstrane kan innverke på medisin mot diabetes. Bæra kan innverke på immunsystem dempande medisin. Kontakt lege om du har nokre av desse problema før du brukar Hyll.

Indianarane i Amerika brukte blomstervatn for auge og hud og bæra til syltetøy, pai, te og vin.

Du finn bilete og meir informasjon om svarthyll her på Wikipedia og her. Wikipedia har ein lenger artikkel om Hyll på engelsk her.

Referanser:

General information about elderberries:

http://www.naturalnews.com/025019_elderberry_flu_colds.html

http://en.wikipedia.org/wiki/Sambucus

http://www.elderberrylife.com/history-folklore/hippocrates-called-the-tree-his-%E2%80%9Cmedicine-chest/

http://www.paghat.com/elderberrymyths.html About myth and history.

http://no.wikipedia.org/wiki/Svarthyll (Norwegian text about Elderberry)

http://www.nifab.no/faktaark/svarthyll/ (Norwegian center for Alternative Treatments)

http://www.rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/samb_nig.htm (Norwegian site)

 

Studies that have been done on Elderberry:

http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/9395631?dopt=Abstract

http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/15080016?dopt=Abstract

http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/10483681?dopt=Abstract

http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/19682714

http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/11399518 HIV and cancer