Svartsurbær

Det eine fører til det andre. Nemnte Svarthyll til nokre venner og dei sa at dei brukar Svartsurbær (Aronia melanocarpa) og at den skulle ha nokon av dei same eigenskapane. Litt søk på internett og eg fant denne artikkelen og denne.

Svartsurbær kjem opprinneleg frå Nord-Amerika og er dyrka mest på grunn av bæra. Den inneheld mykje antioksidantar, vitamin A, E, og B2, P (bioflavonoider) og katalyserer opptak av vitamin C. Den inneheld mykje jern, molybden, bor, jod og kalsium. Den er også rik på pektin slik at du kan bruke den når du lagar syltetøy eller gele.

I folkemedisinen har den vore mykje brukt for forkjølelse (i form av te). I tillegg beskytter den mot frie radikaler som kan hjelpe mot hjertekarsykdommer, hjerneslag, øyensykdommer, diabetes og kreft. Kan brukes utvortes på sår (pga. den astringerende virkninga). Bæra har også immunstyrkande, blodtrykksregularende, kolesterolsenkande, astringerande og slimløysande eigenskaper.

Er det nokon som har oppskrifter på korleis ein kan tilberede bæra? Saft, pai, kaker, tørking, koking etc.... Send dei inn.