FAQ - Vanlege spørsmål

Paypal er ein internasjonal teneste og gjer det mogleg å ta imot betalingar frå dei fleste land i verda. Det er også mogleg å betale med bankkort utan å ha ein Paypal konto. Noko som er eit stort pluss for alle.

I tillegg er det rekna for å vere ein av dei sikraste løysingane for betaling som eksisterar i dag.

Vel Paypal som betalingsløysing. Når du kjem til Paypal si internettside, vel du å betale med kort i staden for å opprette ein konto eller logge på.
 

Vi har faktisk vurdert å bruke Facebook til dette i staden for å ha det på ei eiga web side, men det er nokre grunnar til at vi har valgt å gjere det på denne måten.

  1. Det er viktig for oss å separere ut kva som ikkje høyrer heime på Facebook.
  2. Ingen veit kva som kjem til å skje med Facebook og deira innstillingar. På denne web sida kan vi setje opp sikkerheit og tilgang slik vi (eg og du og vi alle) ønskjer at det skal vere.
  3. På desse sidene kan du gå inn og endre på det som du har lagt inn. På Facebook har ikkje det vore mogleg til no.
  4. Hacking på Facebook er eit usikkerheitsmoment og det kjem ikkje til å bli mindre i framtida. Hacking kan også skje på denne web sida, men eg kjenner meg litt tryggare på dette oppsettet.

Å bruke MP3 som lydformat gjer at alle kan lytte til filene. Ved å bruke andre format kan det hende at enkelte lydavspelarar ikkje klarar å handtere dei.